•Folk i Høgre går med ujamne mellomrom til åtak på Senterpartiet fordi partiet skal vera eit «særinteresseparti» som i alle samanhengar kjempar for bønder og bygdefolk. Tonen frå høgresida har vorte enno hardare det siste halvåret, etter at Sp har vorte løfta fram av eit bygdeopprør som har fått næring frå sentralisering, kommunesamanslåing og rovdyrstrid. No er det jo slik at dei fleste partia arbeider for interessene til ulike grupper i samfunnet. Ved sidan av bondepartiet Sp, kristenpartiet KrF og arbeidarpartiet Arbeidarpartiet, har vi jo også lærarpartiet SV og campingvognpartiet Frp.