Nei, ikkje «rasist»
I eit stort portrettintervju i Klassekampen 20. mai med den verdskjende norske sosialantropologen Unni Wikan står det: «Wikan ble stemplet som rasist. ‘Norsk fundamentalisme i vitskapsfrakk’ skreiv blant annet Klassekampens Roald Helgheim. Hun ble tillagt meninger som at alle skulle bli nordmenn.» Slik det står, må folk tru at eg har stempla Wikan som rasist. Det har eg aldri gjort. I 1995 skreiv eg ein kritisk omtale i Klassekampen av Unni Wikans bok «Mot en norsk underklasse», som kom ut det året. Tittelen var «Norsk fundamentalisme i vitskapsfrakk». Det er ein tittel eg ikkje ville brukt i dag. Men eg kallar ikkje Unni Wikan rasist nokon stad. Det kan også Klassekampen bekrefte.
Les hele Klassekampen på nett
Få nyhetene som setter dagsorden, analysene som betyr noe og stemmene som teller. Abonner i dag.
Bli abonnent