Kontroll- og konstitusjonskomiteen på Stortinget har vedtatt å halde ei ny, lukka høyring om terrorsikring. Bakgrunnen er den knusande rapporten frå Riksrevisjonen, som viser at verken Forsvaret eller politiet er i stand til å beskytte viktige eigedommar, infrastruktur og anna samfunnskritisk verksemd ved terror, sabotasje eller kriser. Eitt av problema er at samarbeidet mellom Forsvaret og politiet framleis er dårleg. Rapporten er eit samandrag av kva Riksrevisjonen har funne om terrorsikringa og var meint for offentleggjering. Forsvarsdepartementet har likevel stempla rapporten som konfidensiell, noko som riksrevisor Per-Kristian Foss meiner kjem av eit ønske om å beskytte Forsvaret og regjeringa mot kritikk ved å «sminke ord og uttrykk». Sjølv om Dagens Næringsliv prisverdig har offentleggjort rapporten, har regjeringspartia – med støtte frå KrF – merkeleg nok halde fast på at Stortinget skal halde han hemmeleg. Samtidig jaktar Forsvarsdepartementet på kjeldene som har gitt rapporten til Dagens Næringsliv.
Les hele Klassekampen på nett
Få nyhetene som setter dagsorden, analysene som betyr noe og stemmene som teller. Abonner i dag.
BØR SETTE OPP RENTEN: Norges Bank. Foto: Vidar Ruud, NTB Scanpix
Ifølge Sentralbankloven fra 1994 skal styringsrenten bidra til en stabil utvikling i sysselsettingen og settes slik at inflasjonen (den årlige prisveksten) over tid ligger på 2,5 prosent.
Les hele Klassekampen på nett
Få nyhetene som setter dagsorden, analysene som betyr noe og stemmene som teller. Abonner i dag.