Gjeldhanar
I millomalderen var bilætet av den vanlege adelsmannen i Polen-Litauen (med Belarus) ein god ryttar på jakt og i krig og modig i all si ferd, og matglad og einspora og med lite utdaning. Noko av dette bilætet endra seg utetter i nytidi, og serleg i upplysningstidi. Det vart til dømes gjævt å kunne framande språk, samle bøker og kunstverk av alle slag i vene salar og gjera ei daningsferd til Vest-Europa. Den rike Radziwill-ætti hadde god råd til dette, og det kan me sjå den dag i dag i den storfelte slottsborgi Mir på lag ni mil sørvest for hovudstaden Minsk i det noverande Belarus (Kviterussland), og endå var ikkje Mir hovudsetet åt Radziwill-ane, då lyt ein fara åt Njasvisj, ikkje langt undan.
Les hele Klassekampen på nett
Få nyhetene som setter dagsorden, analysene som betyr noe og stemmene som teller. Abonner i dag.
Bli abonnent