Maria Lavik skriv om kvinners sjukefråvær 2. februar. Det som forundrar meg, er at dette framleis kan forundre nokon. Som dei store feministane peika på for lenge sidan: Å vere fødd som kvinne er å vere fødd med ein mangel, ein feil. Det er mannen som er det verkelege mennesket, som er normen. – Nei, slik tenkjer ein ikkje lenger, vil kanskje mange seie. Men det står fast: Både i større, samfunnsmessige samanhengar og i privatlivet blir kvinner utsett for fleire og tyngre belastningar enn hos menn. Det er logisk at det kjem til uttrykk på statistikken.