Det nye partiprogrammet til Arbeidarpartiet viser temmeleg tydeleg kva som er det politiske prosjektet til Jonas Gahr Støre. Heilt sidan han brått vart partileiar for knapt tre år sidan, har høgresida prøvd å teikne bildet av ein svevande og utydeleg Ap-leiar. Det blir langt vanskelegare etter at Støre la fram det nye Ap-programmet i går.
Ap-leiaren har styrt politikkutforminga.