Vedtak å leva med
Lofoten-kompromiss bergar Ap-klimaet.
Ap-leiar Jonas Gahr Støre var nok strålande fornøgd med alle dei negative reaksjonane på det nye forslaget om oljeaktivitet i Lofoten, Vesterålen og Senja. Ap har hittil gått inn for konsekvensutgreiing av heile dette området, både dei uopna delane av Nordland VI og felta Nordland VII og Troms II. Forslaget frå sentralstyret til Ap legg opp til at dette berre skal skje i Nordland VI, mens dei to andre felta blir utsette. Dessutan legg Ap opp til å verne eit belte på 50 kilometer frå land utanfor Lofotodden, og heile Vestfjorden. Viss dette blir vedtatt av landsmøtet i april, går Ap i meir miljøvennleg retning.
Du må være abonnent for å lese denne artikkelen
Allerede abonnent? Logg inn