Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Høgre går kraftig fram på årets fyrste måling – men tapte 2802 medlemer i fjor:

Medlemsras i Høgre

OPP OG NED: Statsminister og Høgre-leiar Erna Solberg kan notere seg ei god Høgre-måling. Men medlemstalet raser – og fleirtalet er på raudgrøn side.Foto: Christopher Olssøn

OPP OG NED: Trass i eit byks for Høgre er det raudgrønt fleirtal på Klassekampens januarmåling. I fjor mista dei borgarlege partia nesten 6000 medlemer.

Stortingsvalåret 2017 opnar med klart raudgrønt fleirtal: Med til saman 89 mandat hadde Arbeidarpartiet, Sosialistisk Venstreparti og Senterpartiet fått tilbake makta dersom det var val i dag.