I båten
•Då eg var liten hadde vi seglbåt. Pappa og eg. Det var ikkje nokon imponerande farkost, men for meg var den alt. Tenk at vassflata kunne bere oss. Tenk at vinden kunne ta oss med! Ungar bør lære å bli glad i vatnet, vi bør møte naturen slik generasjonane har gjort det før oss. For sjølv om den kvite plasten har teke over for treverket, og sjølv om lystfisket har teke over for kystfisket, er trass alt prinsippet likt: Det er vinden som vinn. Ei stille natt på Vestfold-kysten, så ljos som netter berre kan vere i Noreg på sommaren. Eller kjensla av å vakne av at Pappa allereie har kasta loss og baugen bryt vatnet. Heilt stille. Ute på vatnet. Vinden og vi.
Du må være abonnent for å lese denne artikkelen
Allerede abonnent? Logg inn