Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Det er ingen grunn til å vente ein angrande Henry Kissinger.

Krigar til fredsbyen

Dagen etter utdelinga av Nobels fredspris til Colombias president Juan Manuel Santos neste laurdag, kjem eit arrangement som for somme set fredsprisen i skuggen og for andre er ei skam. 11. desember vil Universitetets aula vera fullsett på grunn av USAs tidlegare utanriksminister Henry Kissinger (93). Han skal halde foredrag saman med Zbigniew Brzezinski (88), som var nasjonal tryggjingsrådgjevar for president Jimmy Carter. Dei to superveteranane skal også samtale med Nobelinstituttets direktør Olav Njølstad.