Valet i USA sette eit tidsskilje. Det ligg an til ei rokkering, eit namneskifte: AU!s. Uansett vinnar, var det eit tap-tap val. Ungdommen, intellektuelle, sosialistane og mange, mange ville ha sann endring. Har dei late seg trumfa, lokka, og skræma til urnene, for ikkje å stemma på Bernie Sanders, men stemma for å halda det verste frå livet eller stemma for å stemma? Kor uthola og radbrekka kan demokratisk og individuell stemmerett bli? Skulle ikkje realityshowet av eit demokrati setja spor etter seg språkleg? Med USA så forkorta, bør ikkje konfederasjonen forkortast annleis?