Ben Lerner
The Hatred of Poetry
Essays
Macmillian 2016, 96 sider
Då den økonomiske depresjonen og den politiske fascismen vaks fram i 1930-åra, la den amerikanske poeten George Oppen ned den poetiske verksemda si. Han ville ikkje skrive poesi i teneste for ei sak, men slutta i staden å skrive – i sakas teneste – og melde seg inn i det amerikanske kommunistpartiet: «Surely there are situations in which it’s absurd to write poetry!», skreiv han i dagboka.