Undertonen
Dette lyt ha vore fyre Trulsemerri hengde seg i trådgarden og dauda, for det var henne eg bruka til å tjelve-leggje epleåkeren hjå Trulsen. Ho var ei gamal gråblakk ihopskrokken og uttent fjordamerr, Trulsemerri, men god nok til å våronne ein liten epleåker med, og ogso Trulsen sjølv var uttent, ugift og åleine, gamal og vombatung, og attpå til hadde han nyleg vore til sjukehuset og teke ein brokkoperasjon. Um eg vilde gjera honom ei benke når eg hadde sleppt merri på hamn, grava ned fire-fem setareple i roni ved trammen, so fekk han smaka nyeple når tidi kom, det fekk greide seg med det. Og han baud meg på eit flaske øl når eg var ferdig. Det vilde vera leskeleg i ein heit og solblank vårdag, og eg som berre var ein halvvekstring den gongi, kjende meg ikkje lite kry ved at ein vaksen kar baud meg på øl.
Du må være abonnent for å lese denne artikkelen
Allerede abonnent? Logg inn