Sveip til neste sideBla med piltastene
I dag

Bergen Kjøtt

Blod er i sanning ei særskilt saft, også her, utanfor dei nedlagte lokala til Bergen Kjøtt, det dryp regn mot grøne plater, og svart asfalt under, også her skapar røynda sine eigne samanhengar, uavhengig av menneske, av om eg går forbi, her, eller ikkje, så er det jo nett det, at eg går forbi her, i det som har vore og kanskje framleis er, og dette noko oppstår, stort og glupt er det ikkje, men det er, her, på sin heilt eigne måte, særskilt, som utgår frå ei tid eg ikkje kjenner, og rutar seg ut, her, i lyset utanfor, så, ein kjenner det, til inn i margen, i frontal cortex, i hjartet, levra og kuken, så finst det likevel ikkje, utan at nokon ser det, at du, eg, vi, kjenner det att og pumpar blod gjennom det, er framleis raudt mellom rillene, her ute, der inne, gyngar det enno frå krokane, seigt, i slintrene, for det er her, nett no, i denne augneblinken, det skjer, dette noko, som kjem, og går opp, for så, i det same, svinne hen, og likevel oppleve det, og rekke å hugse, frå ei tid før, den tid eg enno vart spurd, om å kome, på kva det no var, at eg ofte sa, nei, neste gong, ein annan gong, seinare, hugse det, her, no, når gongene frå den gong då, ikkje lenger er, endeleg sig det inn, for her, no, veit eg betre, det eg sa nei til då kjem aldri att, det som var meint å vere ein annan gong, er verkeleg ein annan gong, med andre menneske, nei, det finst ingen garantiar, anna enn her, no, er det difor eg treng dette, mørkret, rommet som avgrensar meg, frå verda, men også til, verda, frå alt, men også til, alt, og eg finn flisa i mitt eige, etter å ha augna bjelken i eit anna, nærmar meg det såre punktet, drar henne ut, kjenner pina, den som er mi eiga, kome og forgå, her, no, og tenkjer at dette kjøtet er mitt, det lever, forgreinar seg, frå her, til verda, og eg kjenner det banke, slå, og eg tenkjer, som ein daud regissør sa, om skodespel, om truverd, om, ja, han sa, «don’t just do something, stand there, Gary Cooper wasn’t afraid of doing nothing», så, eg står her eg då, kjenner det banke, her, i kjøtet, og endeleg gløttar eg inn dei svarte rutene, inn i det, som ikkje lenger er, skimtar inkje, berre står her, raslar med mine pinnesider, her, med min eigen skrott, støtt mot grunnen under, svart asfalt, i grønt skimmer, eg, her, i mi eiga beingrind, utanfor Bergen Kjøtt, dette tunge bygget, lik eit basseng på høg kant, vasslaust, og med blodige trekk, aldri har vel eg sett slikt eit skimmer, som her, mellom stein, mold, fact and fiction, og så, saktare enn min eigen skugge, løftar eg ein finger, den som er til å peike med, eit tenkt pang ljomar, og, etter det, i det rommet tida lagar og rutar ut, heilt på eiga hand blir eg ståande, og utan å gjere noko, kjenner eg ein krok hekte meg fast, til kjøt, til alt dette, og til grunnen under, for slik er det laga, at blod, i sanning, er ei særskilt saft.

Du må være abonnent for å lese denne artikkelen