Eg har i ettersleng grunda på alt surret omkring 24. konsesjonsrunde for olje- og gassleiting ved norskekysten. Det er eg ikkje aleine om. Nina Jensen i WWF Norge er utvitydig: «Nå må det bli slutt på dette tøyset.» Statsministeren korrigerte oljeministeren for open mikrofon. Tord Lien rodde som best han kunne. Ministeren hadde for mange kart på handa, feil kart og kart som for lengst var bortforhandla. Legg ein saman vernekartet frå Framvaren i Vest-Agder, over Jæren og vidare til Tauterryggen i Trøndelag og til Saltstraumen i Nordland og ireknar Senja og Lofoten, er så godt som heile norskekysten lagt på blokka til oljeselskapa. Kva fortel dette?
Har oljeministeren lagt inn ein langtidsplan i 24. konsesjonsrunde?