Du kan bla til neste sideBla med piltastene
Med andre ord

Aftenpostens Vietnamkrig

Biletet av napalmjenta bidrog til ein kritisk debatt, seier Aftenposten i dag. Då krigen heldt på, strupte avisa all kritikk.

Historielaus: Sjefredaktør i Aftenposten Espen Egil Hansen vigde 9. september heile framsida til å kritisere Facebooks sensur av eit fotografi frå Vietnamkrigen. Han ignorerer Aftenposten sitt eige rulleblad frå Vietnam-dekninga, skriv artikkelforfattaren. Foto: Erik Johansen, NTB Scanpix

9. september hadde Aftenposten – over heile første side – ikon-fotoet frå Vietnamkrigen i 1972 av ei naken, napalmisert jente på flukt frå amerikansk bombing. Bakgrunn: Facebook hadde sensurert fotoet av den nakne jenta, Kim Phuk. Slik poserte Aftenposten anno 2016 som ytringsfridomens vernar om dekninga av Vietnamkrigen – eit halvt sekel etter at avisa, gjennom eit heilt tiår frå 1964, hadde gjort det stikk motsette.

Du må være abonnent for å lese denne artikkelen