Du kan bla til neste sideBla med piltastene
Essay

Om den norske nihilismen

Utan filter: Eg er ein antihumanistisk forfattar. Kan ein vera noko anna om ein er oppteken av menneskets grunnvilkår?

For over 20 år sidan skreiv eg ei hovudfagsoppgåve om Marquis de Sade – «Sade og det virkelige». Sentralt i oppgåva sto spørsmålet: Kva er det med tekstane til Sade som gjorde – og gjer – at dei ikkje blei/blir tålte av korkje aristokratar, borgarar eller proletariatet? Jo, Sade skreiv om det ingen samfunnsklassar orkar å høyra om, nemleg dei menneskelege grunnvilkåra; at absolutt alt som eksisterer og er heilt konkret – frå menneskeceller til solsystemet vårt – eingong vil rotna og forsvinna. Har ein først tileigna seg dei sadske innsikter, er dei umoglege å viska vekk. Nett som innsikta eg fekk på Møllendal kyrkjegard i Bergen på 1990-talet då ein arbeidskollega sa til meg i ein pause: «Lukt», og eg kjende for første gong lukta frå krematoriet, ei lukt eg aldri kjem til å gløyma. Den sadske optikken blei på avgjerande måte ein del av min optikk då eg begynte å skriva. Og for måten den siste boka mi, «Felttestamente» (2016), er skriven på.

Les hele Klassekampen på nett

Få nyhetene som setter dagsorden, analysene som betyr noe og stemmene som teller. Abonner i dag.

Bli abonnent

Allerede abonnent?