Lever du i den trua at du puttar rein norsk vasskraft på elsykkelen, elbilen og dei andre elektriske dingsane dine? I så fall bør du ta ein ny titt på fakturaen frå kraftleverandøren din. Dersom du ikkje har betalt for opphavsgaranti for rein kraft, så er mindre enn fjerdeparten av den straumen du brukar, fornybar vasskraft. Resten er kolkraft eller atomkraft – på papiret. Men i våre dagar er det jo dei finansielle papira som gjeld, ikkje dei fysiske realitetane. Og dei finansielle produkta er det som kjent ikkje så lett å sjå konsekvensane av.
Opphavsgarantiane vart innført for å stø fornybar energi. Men i Norge kan den stikke kjeppar i hjula.
Vasskrafta som forsvann
Kronikk