Tida det tek å laga eit liv
Sterkt: Med Sandra Lillebø er eg ikkje i tvil om at me har fått ein ny poetpersonlegdom.
Sandra Lillebø
Alt skal skinne og blø
Dikt
Forlaget Oktober 2016, 80 sider
Medan eg les Sandra Lillebø si andre diktsamling «Alt skal skinne og blø» om att og om att, slår det meg at det er noko manande, magisk og messande som pregar mange av desse tekstane. Rytmen som tek over, klangen som lokkar. Under dette ligg det òg at det er noko som er så påtrengjande viktig å nærma seg, at det både må seiast og ikkje må seiast. Kanskje handlar det djupast sett om einsemd, det å vera utsett, det å ønska seg noko(n) som kan fylla dette såre suget med meining, eller bare fylla det slik at suget vert borte?
Les hele Klassekampen på nett
Få nyhetene som setter dagsorden, analysene som betyr noe og stemmene som teller. Abonner i dag.
Bli abonnent