Å få som fortent
Dei postmoderne merittane er parkerte for godt.

Apropos gåande debattar. I meritokratiet får folk etter forteneste, dei styrande (-kratiet) legg til rette for at dei flinkaste forsyner seg monaleg meir av samfunnskaka enn dei som ikkje evnar å stå like hardt på eller nå like kvikt fram til utdeling. Meritium på latin tyder «forteneste». Både fransk og engelsk har ordet, fransk mériter er å få det ein fortener, engelsk merits tyder fortenestefulle gjerningar. Norsk har «merittar», bragder. Theresa May, ny britisk statsminister, må ha lese Klassekampen i sommar, for ho parkerte meritokrati som prinsipp for å byggja eit godt samfunn. «Den mest radikale tale av ein konservativ statsminister sidan 1990», skreiv The Guardian.
Du må være abonnent for å lese denne artikkelen
Allerede abonnent? Logg inn