Du kan bla til neste sideBla med piltastene

1 av 5 oppdagar ikkje skilnaden på reklame og redaksjonelt innhald i avisene, viser ny rapport om medievanar:

Ser ikkje «sleip reklame»

UROA: Kjersti Løken Stavrum i Norsk Presseforbund er uroa for korleis innhaldsmarknadsføring vil påverke journalistikken. Foto: Vidar Ruud, NTB scanpix

– Skjult reklame er eit stort samfunnsproblem, seier generalsekretær i Norsk Presseforbund, Kjersti Løken Stavrum. Ansvaret ligg på pressa, meiner forskar.

– Den skjulte reklamen er sleip og vanskeleg å oppdage – me veit ikkje om me vert utsett for den eller ikkje, seier Kjersti Løken Stavrum.