Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Burkini

  • Vi må snakke om burkini-debatten i Nordlys denne sommaren. Avisa dreiv i fleire dagar ei veldig kritisk dekning av ein skule i Troms som hadde «opna» for at jenter kunne bruke heildekkjande badedrakt i symjeopplæringa, såkalla burkini. Så synte det seg at stoda var motsett: I Noreg er dette heilt lov – faktisk har ikkje kommunen høve til å forby det. Då skreiv Nordlys at saka tok ei «ny vending». Den nye vendinga var jo at avisa byrja rapportere det som er sant, i staden for det som ikkje er sant.