Opprør: «Vi rapporterer til Trumps hovudkontor om menstruasjonssyklusen vår», skriv grunnleggjaren av aktivistgruppa Periods for Pence.
Kaos og plagiat pregar det årlege landsmøtet til republikanarane i Cleveland. Skittkasting og krangling mellom «Dump Trump»-delegatane og partileiinga baud på ein turbulent start under årsmøtet. Fleire kommentatorar har omtala måndagens opning som eit «vulkanutbrot», etter at det vart kjent at talen til Melania Trump var stolen frå ein tale som Michelle Obama heldt i 2008, skriv NTB.