SJAKKTREKK: Donald Trump vil ha Mike Pence med seg på stemmesetelen for å byggje bru over til den klassiske konservative delen av partiet, trur forskar Hilmar Mjelde.
Fleire amerikanske medium melde torsdag kveld at den republikanske presidentkandidaten Donald Trump har bestemt seg for å peike ut Indiana-guvernør Mike Pence til sin visepresidentkandidat. Andre har peika på at den tidlegare leiaren av Representantanes hus i Kongressen Newt Gingrich vil vere ein av dei moglege kandidatane.