KAMP: Nordiske venstreparti har sett seg lei på den skremmande framveksten av nasjonalistiske ekstremistparti i Europa. No samlar dei seg til motangrep.
Høgrepopulistiske grupperingar er på frammarsj i Europa. I slutten av august skal nordiske venstreparti frå Noreg, Sverige, Danmark, Færøyane, Island og Grønland samlast for å leggje ein slagplan. I tillegg ønskjer partia å få på plass ein ny og betre avtale som kan erstatte dagens EØS avtale og sikre betre vilkår for land utanfor EU.