Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Angela Eagle stemte for invasjon i Irak, luftangrep i Syria og for å behalda Trident:

Går til krig mot Corbyn

Leiarval: Angela Eagle seier at det er «mørke tider for Labour» og at ho kan tilby eit leiarskap som Jeremy Corbyn ikkje kan under pressekonferansen måndag. Foto: Neil Hall, REUTERS/NTB Scanpix

STRID: Tidlegare skuggeminister Angela Eagle utfordrar Labour-leiar Jeremy Corbyn i nytt leiarval.

Like etter brexit prøvde fleire ministrar i skuggeregjeringa til Labour å få Jeremy Corbyn (67) til å trekkje seg som partileiar. Sentrale ministrar, deriblant handelsminister Angela Eagle (55), trakk seg ein etter ein, men Corbyn rikka seg ikkje. Kuppet var ein katastrofe for den politiske eliten i partiet.