Det er år null før Keegan og neonlysa rutar ut konturane av ein leigemordar i ein parkert bil, blikket penetrerer ruta, mot ein Reperbahn som har sett betre tider, før han strekkjer nakken og bikkar hovudet slik at også hattebremmen kjem til syne, og neonlysa utanfor flekkjer opp andletet ramma inn av tysk stål idet leigemordaren tar fram ein bandopptakar, pressar inn record og snakkar inn i han med roleg stemme, seier, det er sjette desember, her er ikkje anna å frykte enn frykta sjølv, det kjennest som eg veit mindre og mindre om menneska eg kjenner, han har nettopp fått ein blodsjuk rammemakar til å drepe for seg, og her og no, framleis i deutschmarken si tid, i god tid før både sameining og jul, er det moglegvis tid for ettertanke, for han, som i tillegg til å drepe også svindlar kunstkjøparar på si, eit kriminelt vekselbruk godt som noko, ein svindel som også gjer at han møter rammemakaren og får nyss om sjukdommen, ein sjukdom som også blir incentivet til å bruke nett han, rammemakaren, til å drepe for seg og gjere han til mordar, og det høyrest ut som ein dårleg vits, at ein leigemordar treng nokon til å drepe for seg, men rammemakaren framstår som den perfekte reiskap, ein heilt vanleg mann, ein som likevel skal døy, og alt går etter planen, men leigemordaren såg ikkje for seg at også eit freundschaft skulle oppstå, men slik går det til at ein leigemordar sit her, no, i Hamburg, 1976, og kjenner på eit sakn, for, når rammemakaren vart gjort til mordar, gjekk også det gryande venskapet tapt, så ser han rammemakaren og sonen kome ut av bygarden dei bur i, over vegen frå der han sit, og han ser ein glad, forløyst og frigjort mann, som er alt dette nettopp gjennom å ha vore med å ta livet til ein annan mann, og her, no, i den sure desembervinteren, ser han rammemakaren traske over eit sparsommeleg lag med snø, ei tynn hinne, nesten som hud, så stanse for raud mann, stramme fotballskjerfa med bokstavane HSV, rette på kvar sin knute, kanskje har dei høyrt om Keegan, han som skulle kome, så får dei grønt og um die ecke blir dei borte, det er osmose for dei døde og døyande, eit rekviem for ei heilt ny tid, leigemordaren legg bandopptakaren i lomma, og utan skjerf å stramme, knute å rette på, rettar han litt på hatten, sløkkjer han taklyset, så vrir han om tenninga, og endeleg køyrer Der amerikanische Freund bort, og eg tenkjer, frå her eg sit, at også eg har ei deadline, ei dødlinje å rette meg etter, og så strekkjer også eg meg mot mitt vindauge; snøen smeltar på Kvasshovden, nye oppdateringar kan ikkje redde meg no, det er i dag at båla skal brenne, og med andletet mot det gjennomsiktige tenkjer eg at, jau, eg vil vere der når dei tenner på.