Du kan bla til neste sideBla med piltastene
I dag

Grandtante

Grandtante er vorten sjuk. Dobbelsidig lungebetennelse, seier dokteren. Sjølv trur ho at ho ligg på det siste. Begge foreldra døydde i ein alder av 40 av denne sjukdommen, kan ho fortelja, der ho ligg. No må du ikkje overdriva, seier eg, noko eldre var dei vel? Eit kvast augnekast frå sjukesenga overtyder meg om det var dei ikkje. Ja, ja, trøystar eg, dette var jo lenge før penicillinen kom i bruk, det har jo du fått, så du står det vel over! Dessutan har du jernhelse som eit middels kraftverk. Vil du ha ein kopp kamillete? Grandtante vil ikkje det, men heller eit lite glas akevitt, kanskje? Ho lovar seg sjølv at overlever ho dette, skal ho aldri meir køyre moped utan overtrekksdrakt!

Les hele Klassekampen på nett

Få nyhetene som setter dagsorden, analysene som betyr noe og stemmene som teller. Abonner i dag.

Bli abonnent

Allerede abonnent?