Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Må det eit generasjonsskifte til for at nordmenn skal bli ordentleg bekymra for klimaendringane?

Eit klima for endring

Klima: Unge bykvinner er mest bekymra for klima, skriv kronikkforfattarane. Her frå ein demonstrasjon under opninga av forhandlingane om klimaavtala i Paris, 2015. Foto: Joe Klamar, AFP/NTB Scanpix

Kvifor er nordmenn så lunkne til klimaendringane, vart det spurt om i debattspaltene i ei rekke aviser for nokre veker sidan. Grunnen var at TNS Gallup hadde meldt at klimasaka hadde falt frå andre- til fjerdeplass over nordmenns prioriterte politiske saker.