Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Rare folk

•EU-frelste norske politikarar var flaue da det vart nei under folkeavstemminga om EU-medlemskap i 1994. Nokon ville knapt vedkjenne seg folket sitt da dei kommenterte utfallet av avstemminga i utanlandske media. Det vart sagt at nordmenn var egoistiske nasjonalistar prega av framandfrykt og at det ikkje ville blitt nei til EU dersom vi hadde hatt meir kunnskap og mindre olje. Frustrerte EU-tilhengarar meinte at annerledeslandet Norge ville bli eit isolert utanforland med rare folk.