Hjorth
- Onsdag morgon blei det klart at Dagens Næringsliv-journalist Mina Ghabel Lunde er ein av dei som står bak Twitter-kontoen @fruhjorth. Det var Medier24.com som avslørte Lunde. Kontoen, som korkje var særleg artig, treffande eller hadde spesielt mange følgjarar, har fått kraftig kritikk for sin sjikanøse haldning. Ikkje fyrst og fremst mot medietoppar og offentlege personar, men mot unge journalistar, ofte kvinner. I tillegg viser det seg no at kontoen har posta ei rekkje innlegg mot journalistar og redaktørar i Lundes eiga avis – DN. At Lunde sjølv hevdar ho korkje står bak dei sjikanøse innlegga eller har skrive mot DN, endrar sjølvsagt ingenting. Ho har eit ansvar for kva dei andre har skrive dersom det viser seg at det er fem andre i kollektivet, slik Lunde hevdar.
Du må være abonnent for å lese denne artikkelen
Allerede abonnent? Logg inn