Regressiv autisme?
Eg skulle svara forfattar Olaug Nilssen for lenge sidan, på hennar innlegg i Klassekampen 23. april («Kva slags forteljingar treng vi?»). Det kjem her: Nilssen har nok teke mitt innlegg 14. april, om å gi autistars stemme jambyrdig plass i særleg litteraturen, personleg. Det var ikkje meininga frå mi side, men Nilssen var no eingong eit eksempel på forfattarar som skriv om autisme ut frå eit pårørandeperspektiv eg (og samtlege av dei autismediagnostiserte eg kjenner) faktisk ikkje får noko ut av. Om Nilssen vil gi oss stemme, held det at ho dreg fram forfattarar og andre som skriv frå vårt perspektiv. Med og utan diagnose. Skiljet er mindre viktig, det er tidvis større skilnad autistar imellom (t.d. Carly Fleischmann og Temple Grandin, som Nilssen nemner).
Du må være abonnent for å lese denne artikkelen
Allerede abonnent? Logg inn