Du kan bla til neste sideBla med piltastene

SOS postmodernisme

Kan ei kvar samanblanding og fri assosiasjon passera som kritikk av postmodernismen? I store delar av artikkelen «Den symbolske vendingen» ser det ut til at Eivind Stø (15. juni) forvekslar Baudrillard med Bourdieu. Det er stor forskjell på dei, sjølv om begge er franske og har namn som begynner på b. Det er Bourdieu som har hatt stor innflytelse på samfunnsvitskapen dei siste par tiåra, inkludert Norge sidan 1990-talet. Det er han som har gjort omgrepet symbolsk makt kjent og innflytelsesrikt, som har skrevet om dei store klassebaserte forskjellane i forbruk og smak (det ekstravagante kontra det trivielle), og om kva for forbruk som gav høg eller låg sosial verdsetting. Korfor «vanlige folk foretrakk masseturisme på overfylte strender, og ikke opplevelsesferie i spennende omgivelser» er ein typisk Bourdieu-problematikk. Men han var absolutt ingen postmodernist. Det er det vel ingen som har argumentert for nokon gang.