Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Med pisk mot folket

Så måtte det skje likevel. Den 13. juni 2016 vedtok Stortinget med tre firedels fleirtal å leggja Finanstilsynet inn under full EU-styring. Sjølv regjeringa veit at denne delvise EU-innmeldinga er grunnlovsstridig, så dei har kokt i hop ei «lur» løysing der det norske finanstilsynet formelt er lagt under visse EØS-organ, men altså reelt direkte under EU.

Med det vedtaket vil alle bankkriser frå nå av bli styrte etter EU-metoden. Resultatet blir at me som skattebetalarar og bankkundar får svi dersom ein bank held på å gå på ryggen. Tidlegare har standard kapitalisme rådd i Noreg: Eigarane av bankobligasjonar og bankaksjar tapte pengane først, medan småspararane vart skjerma.

Koss kunne dette fatale skje – me trudde jo me hadde eit «trygt» storting? I tidlegare stortingsperiodar har det vore kutyme å la representantane stå fritt i EU-spørsmål. Derfor har EU-motstandarar ganske trygt kunna stemma på parti som Arbeidarpartiet og Framstegspartiet.

Men brått tok partileiarane Jonas Gahr Støre og Siv Jensen fram partipisken. Midt i spelet, midt i ein stortingsperiode endra Ap og Frp spelereglane: Med partipisken kunne eit lite og utilstrekkeleg fleirtal for EU på Stortinget tryllast om til tre firedels fleirtal.

Med andre ord har me som er EU-motstandarar (rundt 70 prosent av folket) blitt lurte og svikne av det Stortinget me stemte på.

I nær framtid kan me få eit skred av sånne trinn-for-trinn-innmeldingar, og det er lite me kan gjera med det. Derfor, sjå framover til stortingsvalet i 2017. Då må alle EU-motstandarar sky Ap og Frp som pesten. Like eins med Høyre og Venstre (stort sett – ingen veit kva Venstre finn på).

Det vil bli eit uvanleg og merkeleg stortingsval – til og med litt smertefullt for somme, men det er naudsynt om me vil berga det som er att av demokrati og sjølvråderett i Noreg.

Arne Kverneland, Stavanger.