Flaska
Det var våren for eit år sidan at eg ein blank soldag kom ranglande skogaleides heim åsane, og so kom eg på at eg vilde gå ut åsbrautet på det brattaste med kampestein og svadberg, det var ikkje tidt eg råkte til å vera der. Då var det eg gjekk beint på ein liten krull med grov gran og furu som vinden hadde lagt over ende på einannan i eit einaste rot. Tre-i hadde vakse seg store på grunn mark, og rotveltone hadde teke med seg upp torv og jord og stein til ljose berget låg reint og nakje millom dei. Eit par av tre-i sat det enno liv i, dei hadde vel ei rottog åt litevetta jord. Andre var daude. Men ingen var rotne.
Du må være abonnent for å lese denne artikkelen
Allerede abonnent? Logg inn