Nato
- Heisann, Montenegro, til lukke med Nato-medlemskapen i går! Når berre dei 28 eksisterande medlemsstatane får signert protokollen, er de med på laget. Det er jammen hyggeleg å ha dykk med på laget. Eller som Nato-sjef Jens Stoltenberg kalla det i desember: «Starten på ein vakker allianse.» Eg kan knapt tenkje meg noko vakrare enn å inkludere Montenegro i Nato. Det kjennest trygt og godt å få med på laget eit land som ligg på 106. plass på pressefridomsrankinga til Reporterar utan grenser – bak land som Uganda og på plassen over Ukraina. Dette gjer alliansen meir mangfaldig, for å seie det sånn. Landet blir karakterisert som berre «delvis fritt» på Freedom House-indeksen over frie statar i verda. Og på Transparency International-lista over korrupsjonsgraden i land får Montenegro ein 61. plass og slår dermed så vidt Tyrkia. Godt å ha dykk med på laget, Montenegro!
Du må være abonnent for å lese denne artikkelen
Allerede abonnent? Logg inn

