Det er alltid interessant å lesa Sylfest Lomheim i Klassekampen. Han veit mykje om språk, og gir oss av kunnskapen sin både på latin og norrønt. Men stundom legg han nok ein «attgløymt vott» igjen etter seg, slik han sjølv seier det i siste onsdagsspalte 11. mai. For Sylfest har visst gløymt tydinga av ordet eid, i samband med stadnamnet Eidsvoll. Eidsvoll er såre lett, seier han, og det har han rett i. Men eid er ikkje ein stad der du kryssar elv eller fer over vatn. Det er ei smal landtunge, eller ein veg mellom to vatn, ein veg langs ein foss, eit «... smalt landstykke imellem to søer, ogsaa et overgangspunkt ... hvor man lett kan komme over fra en fjord til en anden», som Ivar Aasen seier det i si ordbok.