TAL SOM TEL: Kommunane får fire friske milliardar neste år, seier regjeringa. Berre tull, svarer Arbeiderpartiet.
Skule, barnehagar og eldreomsorg: Kommunane har store oppgåver i liva til folk flest. Denne veka kunne kommunalminister Jan Tore Sanner presentere regjeringas kommuneproposisjon, der han varsla nye pengar: «Kommunesektoren får en vekst i frie inntekter mellom 3,75 og 4 milliarder kroner», skreiv departementet i si pressemelding.