Du kan bla til neste sideBla med piltastene
Leder

Tryggleik

  • Den tragiske helikopterulykka ved Turøy utanfor Bergen pregar oljenæringa på Vestlandet, og ein heil nasjon deler sorga. Tolv menn og ei kvinne mista livet i ulykka fredag, som er ei av dei mest alvorlege i norsk oljehistorie. Norge har ved fleire høve vorte ramma av alvorlege hendingar i Nordsjøen. Alexander Kielland-ulykka i 1980 kravde heile 123 menneskeliv, og er ei av dei aller verste oljeulykkene i verda nokon gong. Sidan 1970-talet har dessutan åtte helikopterulykker medført tap av liv for oljearbeidarar og pilotar, ifølge NTB. Både norske styresmakter og selskapa på sokkelen har lagt vekt på tryggleik, og strenge reglar har redusert talet på alvorlege ulykker. Tragedien ved Turøy er ei dyster påminning om farane knytt til petroleumsverksemda langs norskekysten.

Les hele Klassekampen på nett

Få nyhetene som setter dagsorden, analysene som betyr noe og stemmene som teller. Abonner i dag.

Bli abonnent

Allerede abonnent?