Flyktningens ansikt
Eg gjentar så usentimentalt som mogleg til Solveig Aareskjold (30. mars): Når eit menneske flyktar frå heimlandet, misser det i prinsippet alle rettar som det tidlegare måtte ha hatt som borgar. Som flyktning vert mennesket statslaust og objekt for den absolutte makta. Vi treng ikkje tenkja oss lenge om for å finna ferske døme på korleis ei slik makt kan utarta seg. Det absurde skodespelet på grensa mellom Noreg og Russland, groteske scener på strendene der flyktningar kjem i land, hastevedtak i ulike land for å setja grenser for flyktningens rørsler og liv, internering i leirar som til forveksling liknar fengsel eller det som verre er.
Les hele Klassekampen på nett
Få nyhetene som setter dagsorden, analysene som betyr noe og stemmene som teller. Abonner i dag.
Bli abonnent