«Når en kvinde skriver, myldrer der smådjævle frem», skriver Tove Ditlevsen i diktet ‘Eftertanke’ («Blinkende lygter», 1947). For den populære og omstridde danske diktaren – ein av Nordens fremste forfattarar, som har sett djupe spor i dansk kulturhistorie – var dette i høgaste grad sant. Det å skrive var eit høve for henne til å flykte frå verkelegheita og inn i eit slags indre eksil. Samstundes gjorde nettopp det at ho skreiv at røynda vart vanskeleg å flykte frå. Som skrivande kvinne vart ho ein offentleg figur, som alle, også ho sjølv, var med på å dikte opp. Ho nytta også verkelegheita i mykje av diktinga si, ho utleverte seg sjølv, og skapte seg slik om til ei myte i dansk ålmente. Kunsten var for henne både redning og avgrunn, på alle måtar ein skjebne, gjennom hennar fire ekteskap, barneoppseding og utruskap, og år som rusmisbrukar med etterfølgjande innleggingar på sjukehus – fram til ho tok livet sitt i 1976.