Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Gift

  • Det er vakkert å sjå på. Ja, kanskje er det noko av det mest nydelege menneska nokon sinne har skapt. Det har gjeve inspirasjon til noko av den fremste kunsten vi har. Kva eg snakkar om? Giftlokket over Oslo, sjølvsagt. Takka vere vår eiga forureining har storbyane no høve til å sjå dei vakraste solnedgangane i manns minne. For tida slit byen vår med eit byråd ei byregjering som berre vil snakke giftlokket ned. «Dårleg for astmatikarar», seier dei. «Ungane våre toler det ikkje», får vi høyre. «Dei gamle døyr av det», roper nokon. Vel, veit du kva? Dei gamle skal døy uansett. Det er på tide å erkjenne at dette ikkje berre er svevepartiklar i lufta vår. Det er tryllestøv. La gå at vi ikkje kan leve av det, men vi kan i alle fall leve for det.

Les hele Klassekampen på nett

Få nyhetene som setter dagsorden, analysene som betyr noe og stemmene som teller. Abonner i dag.

Bli abonnent

Allerede abonnent?