RETTSSAK: Finansmann Kjell Chr. Ulrichsen søker hjelp frå Sivilombodsmannen for å få underkjent eit vedtak frå Fylkesmannen i Oslo og Akershus om bruken av Telenor Arena.
Striden gjeld bruken av Telenor Arena i Bærum som Kjell Chr. Ulrichsen og døtrene eig gjennom selskapet Euforum AS. Det er dotterselskap av familieselskapet Vicama AS. Fylkesmannen kravde med grunnlag i reguleringsplanen at hallen skulle nyttast meir til fotball og idrett enn det Ulrichsen la opp til.