Teologisk komma
Rett skal vera rett, også i juleevangeliet.
Me er usikre på kva ordet jul betyr, bortsett frå ein vesentleg ting – det er ikkje kristent, men eit urgamalt, heidensk ord, brukt om midtvintersfeiringa. Alt dei første hundreåra etter Kristus vart det lånt frå Norden til finsk, der det no heiter joulu. Annleis er det med Christmas på engelsk og Weihnachten på tysk og Noël på fransk. Alle tre er knytt til kristendommen. Det første er «Krist-messe», det andre er «Heilag-natt» (hugs at «varg i veum» er ulv i det heilage), det tredje kjem frå latin natalis (dies) og tyder «fødselsdag».
Du må være abonnent for å lese denne artikkelen
Allerede abonnent? Logg inn