Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Kor vakker han vart

Han var ein gamal svart uttent dølahest då eg leidde honom ut i ein haustmorgon utan sol med alle fargor døyvde og milde. Me stana på kanten av gardsromet med grøne grasbakkjen vidare nedetter. So small skotet mot panna, og han skrall i hop og låg roleg ogso etter at han var stukken og blødde ut. Hestar gjer det.