Du kan bla til neste sideBla med piltastene
Anmeldelse

Prosessen

Fenomenalt: Øyvind Rimbereid tar det juridiske systemet sine prinsipp og historie, og vever det saman til eit langt, bølgjande dikt.

Øyvind Rimbereid

Lovene

Dikt

Gyldendal 2015, 116 sider

Hovudteksten i Øyvind Rimbereids seinaste diktsamling er eit 65 sider langt dikt om det juridiske systemet gjennom tidene. Tygg på den som uttrykk for kunstnarleg risikovilje! Det ligg opplagt eit stort researcharbeid bak dette langdiktet. Historia om den gamle grekaren Solon, som forbaud gjeld, men som opplevde at vennene hans tok opp store lån og kjøpte enorme eigedommar då dei visste denne loven var på veg. Om Cassius, romaren som etter opprør frå plebeiarane gav alle rett til å eiga jord, men blei halshogd då dei same folka oppdaga at òg utlendingar hadde fått den same retten. Dantes tankar om eit juridisk system der ein total verdsherskar eig absolutt alt, og derfor ikkje treng å bry seg om det. Konfucius. Kants kategoriske imperativ. Prosessane etter andre verdskrigen. Og mykje, mykje meir.

Du må være abonnent for å lese denne artikkelen