Du kan bla til neste sideBla med piltastene
Kommentar

I det kvite nord

Slavefortid: Den nordiske skittkastinga fjernar fokus frå rasistiske strukturar.

Hjarteskjerande: Jeannette Ehlers’ performance «Whip it Good». foto: nikolaj recke

«Danmark skal tage sin fortid som slavenation på sig», seier den danske kunstnaren Jeannette Ehlers. Ho er på framsida av Politiken med overskriftene: «Vi har hvidvasket historien om Danmarks slaver» og «Ud af den hvide mands skygge». Eg får ei gledeståre i auget då eg kjøper avisa. For som ho også seier i intervjuet, vert det ofte teia om rasismetematikken i Danmark – eller den vert overdøyva av kvite som konkurrerer om å seie n-ordet oftast, og som seier ifrå om at det er ’rasistisk’ å kalle dei kvite. Godt vaksne intellektuelle har plent nekta å setje seg inn i litteratur og teori om emnet, og både silencing og det som Toni Morrisson kallar willful blindness, har florert. (Ein avisredaksjon song til og med «Jeg har set en lille Negermand» til morgonsong heile to gonger då kvitheitsdebatten var på sitt heitaste, det har eg eit førstehandsvitnes ord på!) Ja, det er kort sagt ein stor ting at Ehlers no brakar igjennom med sit bodskap.

Du må være abonnent for å lese denne artikkelen