Du kan bla til neste sideBla med piltastene
DebattOslo kommune

Gransk ordføraren

Det vart ofra ein del trykksverte på kva MDGs ordførarkandidat Shoaib Sultan hadde sagt om homofili for fem år sidan. I staden fekk vi Marianne Borgen frå SV. Så langt har ho vore skåna for gransking, men sanninga er at ho kom med offentlege løgner for fire år sidan. Den gongen sa ho at ho gjekk inn for å stø opp om Ringnes og Ekebergprosjektet hans på eitt vilkår: Ikkje eit tre skulle fellast. Dette sa ho på radio, og på dette vilkåret røysta SV for. Få månader etter var det tydeleg at lovnaden ikkje gjaldt. Anten var Borgen i god tru, og gjekk inn på eit klassisk SV-kompromiss som vart brote, eller så laug ho. Marianne Borgen har, som politikar, kome med villeiande informasjon til publikum og sine eigne veljarar i ei vektig sak for Oslo kommune, og dersom Shoaib Sultan måtte stå til ansvar for det han sa for fem år sidan, bør ikkje då Marianne Borgen stå betre til ansvar for si eiga rolle i denne saka, for fire år sidan? Skal vi gjera rett og skjel for oss, bør Borgen granskast slik Sultan vart granska.

Du må være abonnent for å lese denne artikkelen