Urix på ubåtjakt
På NRK Urix 12. oktober var det eit innslag om at svenskane har vorte meir Nato-vennlege. Av dei som har bestemt seg er nå 41 prosent for medlemskap, mens 39 prosent er imot. Det vart sagt at endringa har skjedd på grunn av russiske ubåtar i svensk farvatn. Dei sikta opplagt til ubåtjakta i den svenske skjergarden som starta den 17. oktober i 2014 og vara i rundt ei veke. I starten av leitinga la den svenske statsministeren, forsvarsministeren og forsvarssjefen fram fleire bevis på at det hadde vore ein framand ubåt i svensk farvatn. Mot slutten av leitinga medgav forsvarssjefen at det var svært vanskeleg å finne bevis på aktivitetar i skjergarden. Mest truleg hadde dei derfor leitt etter ein ubåt som ikkje fanst. Den ubåten vart likevel som det reinaste manna for massemedia.
Du må være abonnent for å lese denne artikkelen
Allerede abonnent? Logg inn