Du kan bla til neste sideBla med piltastene

Æresdrap er vestleg høgkultur. Også.

Imot romantikken

Illustrasjon: Knut Løvås, knutlvas@gmail.com

For eit par dagar sidan sat eg på kostymeprøven til «Lucia di Lammermoor», ein romantisk opera frå 1835 av Gaetano Donizetti, i Operahuset i San Francisco. Teppet går opp og inn på scena kjem Enrico Ashton. Han er nesten ruinert og ein plan blir smidd for å unngå konkurs: Han må gifte bort søstera si Lucia til rikmannen Arturo Bucklaw. Det er berre eit problem, handlangaren hans kan fortelje at søstera allereie har innleia eit løynd forhold til erkerivalen til Enrico, Edgardo di Ravenswood.